Om Morotur

På morotur.no finn du tips om fine turar i heile fylket vårt. Oversikta gjeld fotturar, turar på ski, sykkel eller i kajakk.

Turane som ligg inne på Morotur si nettside og i appen blir registrert av frivillige rundt om i kommunane i Møre og Romsdal. Vi har representantar/turregistratorar rundt om i dei ulike kommunene. Det er litt ulikt kor langt dei ulike kommunane har kome med registreringa.

Dersom du ønskjer å hjelpe oss med å registrere nye turar blir vi glad.

Vanlege spørsmål:

1. Eg veit om fleire turar i min kommune som ikkje er registrert på morotur.no, kvifor?

Turane på morotur.no, er lagt inn av frivillige og organisasjonar i dei ulike kommunane. Derfor vil vi gjerne at du legg inn turar som du meiner bør vere med i oversikta. 

2. Kven er det som registrerer alle turane?

Vi har turregistratorar rundt om i dei ulike kommunene i fylket som legg inn turar på nettsida. I tillegg kan alle som ønskjer det sende inn forslag til turar. Forslaga blir gjennomgått og godkjent av fylkeskommunen før dei blir lagt ut på nettsida. 

3. Kor kan eg registrere ein ny tur?

Gå til forsida av morotur og trykk på knappen "Registrer ny tur". 

Du kommer rett i skjemaet ved å trykke på denne lenka: http://mrfylke.no/content/edit/279767/1

4. Kva betyr dei forskjellige fargekodane?

Fargekodane viser vanskegrad på dei forskjellige turane.

Grønn_knapp_morotur
Blå_knapp_morotur
Rød_knapp_morotur
Svart_knapp_morotur
 
 
 
 
 


5. Kva er skilnaden på morotur og StikkUT?

Stikk UT er ein turmålskonkurranse og blir drifta av Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre Friluftsråd, frivillige medhjelparar og representantar frå medlemskommunane til friluftsråda. StikkUT nyttar eit utval av turar som ligg inne i Morotur. Desse turane skal ha ekstra
god tilrettelegging i form av parkering og merking. Dei som deltek i StikkUT registrerer antall turar dei går. Alle som går 7 turar eller meir blir premiert.  Deltakarane i StikkUT! kan bruke tellingane og statistikken til å konkurrere mot seg sjølv, mot ein i familien, mot naboen eller andre som er med. StikkUT startar 1. mai og varer til 31. oktober.
Alle turane som er valgt ut til StikkUT ligg i oversikta til Morotur. Du kan også registrere StikkUT sine postar via appen til Morotur. Morotur er ikkje ein turmålskonkurranse, men berre ei oversikt over turar du kan ta året rundt. 

Dersom du ikkje fekk svare på det du lurte på, kan du kontakte oss her:

Petter Jenset kontaktkort

Samarbeidspartnarar:
morotur logo coastalive
Logo friluftsrådet
Logo friluftsrådet

Informasjon

Last ned morotur appen her:

Last ned til iOS (App store)

Last ned til Android (Google play) 

moroturapp

Viktig å vite før du tar turen:

Husk at det er du som til syvende og sist er ansvarlig for de valgene du tar både før og under turen.  www.morotur.no gir bare tips om fine turmuligheter i fylket vårt.  

Viktig å vite før du registrerer:

Veiledere:
Registrere ny tur

Lenker:
www.romsdal.com
snøskredvarsel på varsom.no 
www.godtur.no
ut.no
lommekjent.no